2018-tal for studentundersøkinga (høgare utdanning) vert publisert i februar

Fagskuleundersøkinga

NOKUT ynskjer å styrke kunnskapsgrunnlaget om utdanningskvalitet ved å innhente informasjon om fagskulestudentane sitt syn på utdanningskvalitet. Studiebarometeret for universitets- og høgskulestudentar har vorte gjennomført kvart år siden 2013 og har etablert seg som ei viktig nasjonal undersøking. I 2017 fekk NOKUT i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å gjennomføre ei tilsvarande studentundersøking blant fagskulestudentar.

Med Studiebarometeret for fagskulestudentar dekkjer vi alle tertiærutdanningar, det vil seie utdanningar som byggjer på vidaregåande nivå. Undersøkinga spør om studentane sine oppfatningar om kvalitet i utdanningstilbod ved norske fagskular.

Undersøkinga vart gjennomført i april og mai 2018.

Formål

Formålet med undersøkinga er å gi lærestader, studentar, studiesøkjarar, myndigheiter og andre aktørar informasjon om studiekvalitet i fagskulesektoren.

Utval og spørjeskjemaet

Utvalet for undersøkinga inkluderte alle fagskulestudentar som hadde studert meir enn eitt semester og til enkelte fagskulestudentar som var i sitt første studiesemester. Totalt inngjekk omtrent 13 500 studentar frå 77 fagskular og over 500 utdanningstilbod i populasjonen. 

Spørjeskjemaet bestod av om lag 100 spørsmål, som primært handla om studentane si oppfatning av studiekvaliteten på studieprogrammet sitt. Vi spurte blant anna om synspunkt på studie- og læringsmiljø, undervisning og rettleiing og arbeidslivsrelevans. I tillegg dekka vi dimensjonen studentinvolvering ved at studentane fekk ein del spørsmål om motivasjon, studieinnsats og forventningar. Det same skjemaet vart sendt til alle studentar, uavhengig av type utdanningstilbod. 

Spørsmåla vart i all hovudsak svara på ved hjelp av ein fem-delt skala (frå «Ikkje tilfreds» til «Svært tilfreds», frå «Ikkje einig» til «Heilt einig» eller frå «I litan grad» til «I stor grad») med ein veit ikkje-kategori. Unntaka er bakgrunnsspørsmåla om studenten (kjønn, arbeids- og utdanningserfaring mm), spørsmåla om studieinnsats, der ein skriv inn timetal, spørsmåla om undervisnings- og arbeidsformer og spørsmål om val av studium.

Spørreskjemaet for 2018 finnes her:

Spørreskjema 2017 fagskoleundersøkelsen - bokmål

Spørreskjema 2017 fagskoleundersøkelsen - nynorsk

Spørreskjema 2017 fagskoleundersøkelsen - engelsk

Studiebarometeret.no

Resultata frå fagskuleundersøkinga vert publisert under ei eiga fane i nettportalen Studiebarometeret.no. All informasjon vert behandla konfidensielt, og det vert ikkje offentleggjort data som gjer det mogleg å identifisere den som svarar. 

Kontaktpersonar ved institusjonane

Dersom institusjonen opprettar ny kontaktperson, ber vi om at namn, e-postadresse og telefonnummer vert sendt til fagskoleundersokelsen@nokut.no snarast. Institusjonar kan ha fleire kontaktpersonar.

Kontaktpersonar i NOKUT

Magnus Strand Hauge: magnus.strand.hauge@nokut.no

Kristoffer Fretland Øygarden: kristoffer.fretland.oygarden@nokut.no