2018-tal for studentundersøkinga (høgare utdanning) vert publisert i februar

Om Studiebarometeret

Studiebarometeret er ei nasjonal spørjeundersøking som blir sendt ut til over 60 000 studentar kvar haust. Undersøkinga spør kva studentane meiner om kvaliteten på studieprogramma ved norske høgskular og universitet. Målet med Studiebarometeret er å styrke arbeidet med kvalitetsutvikling i høgare utdanning og gi nyttig informasjon om studiekvalitet. På Studiebarometeret.no kan du enkelt:

  • finne studentane sine vurderingar av ulike studieprogram
  • samanlikne resultat mellom ulike studieprogram
  • sjå utvikling over tid for eit studieprogram

Portalen er nyttig for dei som søker på studium, studentar, tilsette ved høgskular eller universitet, og andre med interesse for høgare utdanning. Oppdaterte resultat blir publiserte i portalen i februar kvart år. Studiebarometeret er sett i gang av Kunnskapsdepartementet og blir utført av NOKUT.

Nettportalen

Her kan du samanlikne studentane sitt syn på kvaliteten ved ulike studieprogram. På framsida kan du finne studieprogram ved å:

  • Søke på studieprogram, høgskule/universitet eller studiestad
  • Velje eitt av de åtte fagfelta (med grafiske symbol) eller ei av faggruppene som ligg under

Søkeresultatet gir deg oversikt over alle studieprogram som passar til søkekriteria dine. Klikk på namnet til studieprogrammet for å sjå resultatet for  programmet. Indeksverdiane ser du øvst på sida, resultat for enkeltspørsmål finn du ved å bla nedover. Svarskalaen går frå 1–5, med 5 som beste skår.

For nokre program, der det er få som har svara siste året, blir tala slått saman med tala frå året før. Meir informasjon under om terskelverdiar og program som er slått saman.

Kva er nytt

Det er ein del som er endra i den nye versjonen av portalen i 2017. Tidlegare var det berre mogeleg å søke på variabelen «studieprogramnamn» i søkefeltet på framsida. No er det også mogeleg å søke på variablane «institusjon» og «studiestad». Studiestad er no også inkludert som filtrering for Studentundersøkinga for å få fram kvar programmet ligg. Dette ser du til høgre for namnet på institusjonen. For å bruke filtrering på studiestad, må du først velje institusjon.

No kan data frå portalen lastast ned til Excel. Dette skjer ved å legge til dei ønska studieprogramma i «handlekorga», og så klikke «Eksporter alle til Excel». På artikkelsida «Last ned datasett», http://studiebarometeret.no/nn/artikkel/5 , er det også mogleg å laste ned data for alle programma i portalen.

Vi justerer spørjeskjemaet kvart år. I 2016 innførte vi tre nye sett med spørsmål: internasjonalisering, bruk av digitale verktøy/medium og forventingar til studentane. Nokre av setta frå 2015 blei ikkje brukte meir. Vi endra også på ordlyden på nokre spørsmål. Dette gjer at ein del spørsmål ikkje kan samanliknast over tid. For meir om endringar i spørjeskjema, sjå under overskrifta «Spørjeskjemaet» lenger nede på sida.

Kva informasjon finn du på Studiebarometeret.no?

Studiebarometeret inneheld studentvurderingar av kvaliteten på 1800 studieprogram. Studentane svarar på kvart spørsmål ved bruk av ein skala frå 1-5, der 5 er best. For kvart studieprogram inneheld Studiebarometeret følgande informasjon:

  • Gjennomsnittleg skår per spørsmål, rekna ut frå svara til studentane på dei aktuelle studieprogramma. Resultata blir viste både som indeksar (grupper av spørsmål som heng saman) og for enkeltspørsmål. Les meir om indeksar nedanfor.
  • Detaljerte resultat per spørsmål for kvart studieprogram. Her er svarfordeling, talet på svar og standardavvik.
  • Historiske data for opp til dei fire siste undersøkingane. Vi viser ikkje tidsseriar for program der vi har slått saman svardata.
  • Gjennomsnittsresultata innan same faggruppe/utdanningsgruppe som det valde studieprogrammet høyrer til.
  • Fakta om studieprogramma henta frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH). Desse er blant anna studiepoeng, studentar totalt, om studieprogrammet tilbyr praksis, undervisingsspråk og organisering (campusbasert, desentralisert utdanning, nettbasert).
  • Lenke til høgskulen, den vitskaplege høgskulen eller universitetet som tilbyr det aktuelle studieprogrammet.

Om terskelverdiar og resultat som er slåtte saman

Terskelverdiar for vising i portalen

NOKUT sine terskelverdiar for å publisere data på portalen er at studieprogrammet har fleire enn 9 som svarar og meir enn 19,5 % svar, eller at studieprogrammet har mellom 6 og 9 som svarar og meir enn 49,5 % svar. Terskelverdiane blir brukte for at tala som blir presenterte skal være robuste, og for å sikre at studentane som har svart på undersøkinga er anonyme.

Å slå saman resultat

Det er mange studieprogram som er svært små, og som difor sjeldan kjem over terskelverdiane. For å auke talet på studieprogram som blir viste på studiebarometeret.no, blir resultat for dei to siste åra lagt saman dersom programmet hadde minst ein som svarte siste året. Om det å slå saman resultata gjer at programmet når terskelverdien, blir resultatet frå programmet vist i portalen.

På studiebarometeret.no informerer vi om resultat som er slåtte saman ved å legge inn teksten «Tala for 201# og 201# er slåtte saman, pga. få svarande i 201#». Tal på respondentar og svarprosent er basert på begge åra når tala er slåtte saman. Vi viser ikkje tidsseriar for data som er slåtte saman sidan programma ikkje når terskelverdiane i kvart enkelt år.

Sjå «Svarinngang» for ei kort forklaring på korleis det å slå saman program påverkar talet på program som blir viste på studiebarometeret.no.

Samanslåing av resultat frå 2015 og 2016

I 2016 var det ved 20 eller færre mottakarar ved 48 prosent av studieprogramma. Det gjer det vanskeleg å nå terskelverdiane for mange program. Basert på data berre frå 2016 hadde 54 prosent av desse programma nok svar til at vi kunne vise svardata. Etter å slå saman med tal frå 2015 kunne vi publisere data for 73 prosent programma.

Endringar i spørjeskjema

På grunn av endringar i spørjeskjemaet, kan vi ikkje vise resultat for alle spørsmåla når vi slår saman data frå dei to siste åra. Dette blir markert med ein strek ‘-‘ i staden for svarverdi for dei programma der vi har slått saman data. For meir informasjon om endringar i skjema, sjå tekstbolken under "Spørjeskjemaet".

Om indeksar

Studiebarometeret inneheld sju indeksar som viser resultat samla for spørsmål som heng saman. Desse er: «læringsmiljø», «medverknad», «inspirasjon» (tidlegare: «engasjement»), «yrkesrelevans», «undervising», «eksamen» og «læringsutbytte». Kva enkeltspørsmål som er ein del av kvar enkelt indeks ser du ved å klikke på indeksnamnet på resultatsida til Studiebarometeret.

Resultatskåren for indeksane er gjennomsnittet av skåren for kvart enkeltspørsmål. Det er inga vekting mellom spørsmåla. Vurderinga av kva enkeltspørsmål som er ein del av indeksane er basert på tematikk som er i slekt og statistiske analysar.

Dersom spørjeskjemaet blir endra vesentleg frå år til år, er ikkje indeksane samanliknbare over tid. I visinga for «historiske data», vil det i slike tilfelle stå ein kort og forklarande tekst i staden for ein svarverdi (tal) i diagrammet og ein strek for kvart enkelt spørsmål. På grunn av endringar i spørsmåla som utgjer indeksen «Eksamen», blir det ikkje presentert 2013-tal for denne.

Faggrupper, utdanningsgrupper og berekning av gjennomsnitt

I nettportalen vert studieprogramma gruppert i fagfelt, faggruppe og utdanningsgruppe. Dette er kategoriseringer av studieprogram som er henta frå SSB sin Norsk standard for utdanningsgruppering (NUS). Kvart studieprogram er plassert i NUS-kodeverket. Fagfelt er øvste nivå i NUS, desse fagfelta visast som dei åtte hovudkategoriane på Studiebarometeret si forside. I kvart fagfelt finst det fleire faggrupper, som igjen er delt inn i utdanningsgrupper. I dette kodeverket er programma òg plassert på gradsnivå.

Eksempelvis tilhøyrer 3-årige sjukepleiarutdanningar fagfeltet Helse- sosial- og idrettsfag, faggruppa Pleie- og omsorgsfag og utdanningsgruppa Sjukepleiarfag. Mastergradar i sjukepleiarutdanning er plassert i tilsvarande kategoriar, men på masternivå. Utdanningar på ulike gradsnivå er altså plassert i same fagfelt, faggrupper og utdanningsgrupper, men på ulike nivå. Bachelor sjukepleie har koden 661120, medan master i sjukepleievitskap har koden 761104. Første siffer angjev gradsnivå, andre fagfelt, tredje faggruppe og fjerde utdanningsgruppe. Dei to siste siffera, saman med dei fire første, angjev enkeltutdanninger.

NOKUT mottek informasjon om NUS-kode frå institusjonane og endrar på han berre i tilfelle der det er opplagte feil.

Når tal for eit studieprogram vert vist i portalen, vert òg nasjonale gjennomsnittverdiar for typen utdanning programmet tilhøyrar presentert, på denne måten:

  • Dersom programmet tilhøyrer ei utdanningsgruppe med mange nok program med mange nok svarande, vert snitta vist for utdanningsgruppa til programmet.
  • Dersom det er for få andre program med mange nok svarande i utdanningsgruppa, vert det berekna og  vist snitt for programmet si faggruppe.
  • Dersom det er for få andre program med mange nok svarande òg i faggruppa, visast ingen snittverdiar.
  • For at snittverdi (utdanningsgruppe eller faggruppe) skal visast, må det vera minst 4 studieprogram som oppnår terskelverdiane for vising i portalen.
  • Berre programma (i gruppa) som når terskelverdiane, inngår i berekninga av snittet.

Berre bachelorprogram inngår i berekninga av gjennomsnitt på ei faggruppe/utdanningsgruppe på bachelorgradsnivå - og tilsvarande for mastergradsnivå. Det vil dermed vera ulike nasjonale snittverdiar for ei faggruppe (eller utdanningsgruppe) på ulikt gradsnivå.

Om studentane sin tidsbruk

Studentane gjer eit overslag over tidsbruken sin ved å skrive inn tal i feltet for fri tekst. Dette gjer desse spørsmåla annleis enn dei andre, der det berre er mogeleg å svare innan eit trongare intervall (1-9) eller «veit ikkje». I skjemaet er det ikkje mogeleg å skrive inn tal som er større enn 80. NOKUT har ikkje fjerna ekstremverdiar eller manipulert data på nokon måte.

NOKUT har informasjon om studieprogramma er på heil- eller deltid. Studentar på deltidsprogram vil normalt bruke mindre tid på studiane enn studentar på heiltidsprogram. I portalen gir vi opp kvart program sin «del av heiltid» i samband med informasjonen om tidsbruk.

I 2013 blei desse spørsmåla formulerte annleis, og tala for 2013 er ikkje samanliknbare med seinare tal. Vi viser derfor ikkje 2013-tala i tidsseriemodus.

Om praksisspørsmåla

I 2014 inkluderte NOKUT ei gruppe spørsmål om studentane sine erfaringar med praksis i spørjeundersøkinga.

Kven har hatt praksis?

Vi spør, frå og med 2016, alle studentane om dei har hatt praksis (Ja/Nei) i skjemaet. Berre dei som svarar «Ja» får spørsmåla om erfaringar med praksis.

Praksis gjeld studieprogram med rammeplanstyrte praksisperiodar og/eller rettleia praksis. Praksisen må også være ein del av studieprogrammet, og institusjonen må vere ansvarleg for kvalitet og rettleiing. Dette forklarar vi dei som svarar ved hjelp av ein infoknapp.

Regel for vising av praksissvar i portalen

Ei og same studentgruppe kan ha ulike oppfatningar av kva som er praksis og med det om dei har hatt praksis.

For å sikre oss verdiar berre for studieprogram der studentane faktisk har hatt organisert praksis, brukar NOKUT denne regelen: minimum 6 studentar på eit studieprogram må ha svart på minst 3 av 7 praksisspørsmål. Desse studentane må til saman vere minst 49,5 prosent av studentane som har svart på Studiebarometeret. Altså: minst halvparten av dei som svarar på eit program må ha valt Ja på inngangsspørsmålet «Har du hatt praksisperiode organisert av studieprogrammet ditt?». I tillegg må minst 6 av desse ha svara på minst 3 av 7 spørsmål om praksis. Regelen er testa opp mot annan tilgjengeleg informasjon og er robust.

Program utan data om praksis i portalen

Studieprogram der vi ikkje gir tal om praksis, får teksten «Vi har ikkje (nok) data om praksis på studieprogrammet/programma du har valt.» i portalen. (I samanlikningsmodus kjem i slike tilfelle teksten «Vi har ikkje (nok) data på praksis på studieprogramma du har valt».)

Korleis blei dette løyst før 2016?

Tidlegare spurde vi institusjonane kva studieprogram som hadde praksis. Bygd på svaret frå institusjonane, fekk studentane ved desse studieprogramma spørsmål om praksisperioden. Denne metoden hadde ein del svakheiter, og regelen ovanfor blei sett ut i livet og ført vidare frå og med 2016.

Kvifor har NOKUT oppretta Studiebarometeret?

Den nasjonale studentundersøkinga og nettportalen studiebarometeret.no blir drivne av NOKUT på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Studiebarometeret.no skal gi enkel og brukarvennleg informasjon om opplevd studiekvalitet på studieprogram som blir tilbodne av utdanningsinstitusjonar innan norsk høgare utdanning. Informasjonen skal vere med på å styrke arbeidet med kvalitetsutvikling i høgare utdanning og gi studiesøkarar nyttig informasjon for å velje studieprogram og studiestad. Målgruppene for Studiebarometeret er:

  • institusjonar som tilbyr høgare utdanning
  • studiesøkarar
  • studentar
  • myndigheiter
  • andre som er interessert i høgare utdanning

Eitt av NOKUT sine formål er å fremme kvalitet i høgare utdanning. NOKUT skal også bidra til at samfunnet har tillit til kvaliteten i denne utdanninga. Studiebarometeret er eit viktig hjelpemiddel for å spreie kunnskap om studiekvalitet.

Kontaktpersonar i NOKUT

Spørsmål eller kommentarar om Studiebarometeret kan du sende til denne e-postadressa: Studiebarometeret@nokut.no

Du kan kontakte følgande personar:

 

Ole-Jacob Skodvin

analysedirektør

Telefon: 21 02 18 29

            

Pål Bakken

seniorrådgjevar, Avdeling for utredning- og analyse

Telefon: 92 08 46 71

             

Magnus Strand Hauge

rådgjevar, Avdeling for utredning- og analyse

Telefon: 90 10 34 28

 

Lars Fredrik Pedersen

rådgjevar, Avdeling for utredning- og analyse

Telefon: 41 28 12 04

 

Spørjeundersøkinga

Her kan du samanlikne studentane sitt syn på kvaliteten ved ulike studieprogram. På framsida kan du finne studieprogram ved å:

  • Søke på studieprogram, høgskule/universitet eller studiestad
  • Velje eitt av de åtte fagfelta (med grafiske symbol) eller ei av faggruppene som ligg under

Søkeresultatet gir deg oversikt over alle studieprogram som passar til søkekriteria dine. Klikk på namnet til studieprogrammet for å sjå resultatet for  programmet. Indeksverdiane ser du øvst på sida, resultat for enkeltspørsmål finn du ved å bla nedover. Svarskalaen går frå 1–5, med 5 som beste skår.

Spørjeskjemaet

Spørjeskjemaet inneheld spørsmål om studentane sine oppfatningar av kvalitet ved ulike sider av studieprogramma. Spørsmåla er retta mot studieprogramnivå, ikkje emne- eller institusjonsnivå. Spørjeundersøkinga stiller dei same spørsmåla til alle studentar, uavhengig av type studieprogram. Det tek 10-12 minutt å svare på undersøkinga, dersom studenten ikkje brukar tid på å kommentere undervegs. Det går an å svare på undersøkinga på bokmål, nynorsk, engelsk eller samisk (frå og med 2016).

Tema:

  • undervising og rettleiing
  • studie- og læringsmiljø
  • medverknad
  • inspirasjon
  • praksis
  • arbeidslivrelevans
  • eksamens- og vurderingsformer
  • eige læringsutbytte
  • forventingar
  • eige engasjement, studieinnsats og motivasjon
  • undervisings- og arbeidsformer

Skjema

Spørjeskjema for 2017:

Spørjeskjema - alle batteri 2017 – NYNORSK

Spørjeskjema - utan-valbare batteri 2017 – NYNORSK

Spørjeskjema - alle batteri 2017 - BOKMÅL

Spørjeskjema - utan valbare batteri 2017 - BOKMÅL

Spørjeskjema - alle batteri 2017 - ENGELSK

Spørjeskjema - utan-valbare batteri 2017 - ENGELSK

 

Spørjeskjema for 2016:

Spørjeskjema bokmål 2016

Spørjeskjema nynorsk 2016

Spørjeskjema engelsk 2016

Sjå tidlegare spørjeskjema

Her finn du spørjeskjema for dei førre åra

Om endringar i skjema

Vi har kontinuerleg fokus på å forbetre spørsmåla for å gjere dei presise og enkle. Så langt det er mogeleg vil vi samstundes behalde dei frå år til år for å skaffe eit grunnlag for samanlikning og analyse av utvikling over tid.  Kjernespørsmåla i skjemaet finn du som søylediagram på studiebarometeret.no.

Vår modell er at om lag 3/4 av spørjeskjemaet ikkje blir endra frå år til år, medan om lag 1/4 kan endrast. Dette blir gjort ved at heile sett av spørsmål blir tekne ut og inn, avhengig av kva vi ønsker å fokusere på. Eit slikt system med skiftande sett av spørsmål, gjer også at vi kan stille ein del av dei same spørsmåla med ulike årlege mellomrom.

Endringar blir gjort i samråd med sektoren, blant anna gjennom referansegruppa. I 2015 bidrog ei arbeidsgruppe, med tre deltakarar frå UHR, til endringar i skjemaet, blant anna med tanke på større nytte i kvalitetsarbeidet ved institusjonane. Vi validerer også dei nye spørsmåla ved hjelp av fokusgruppeintervjuar med studentar og eigne elektroniske spørjeundersøkingar. Typisk testar vi fleire variantar av same spørsmål, og samanliknar svarfordelinger og kommentarar studentane avgir i fritekstfelt og i intervjuar.

 

Endringar i 2018

Dei mange spørsmåla om internasjonalisering er ikkje med i år. Nytt av året er ein del spørsmål om røynsler frå vidaregåande skule og om oppstarten i høgare utdanning. Vi har òg forbetra dei etablerte batteria medverknad, relevans og undervising.

NOKUT utarbeidde i 2018 ein del nye spørsmål. Nye tema og spørsmål er basert på innspill frå sektoren, referansegruppa og eigne analysar. Vi testar nye spørsmål gjennom ein todelt validering: i form av ein elektronisk spørreundersøkelse blant studentar (nesten 2000 svarande) og to fokusgruppeintervjuar av studentar. Valideringen var verdifull og medførde fleire justeringer. I sum vart 2018-skjemaet noko kortare enn i 2017.

 

Endringar i 2017

Storparten av spørjeskjemaet er uendra frå året før. NOKUT gjorde likevel ein del endringar, basert på eigne validitetsanalyser og innspel frå institusjonane og Studiebarometerets referansegruppe. Basert på innspela utarbeida NOKUT nye spørsmål og gjennomførte ei todelt validering av dei nye spørsmåla, i form av ei elektronisk spørjeundersøking blant studentar (670 svarande) og to fokusgruppeintervju av studentar. Valideringa var verdifull og medførte fleire justeringar. I sum er skjemaet cirka like langt som i 2016, og kortare enn i 2015.

Følgande, større endringar blei gjort:

  • Norgesuniversitetet og NOKUT har utvikla eit nytt spørsmålsbatteri om bruk av digitale verktøy og hjelpemiddel i utdanninga. Spørsmåla kan ikkje samanliknast med dei frå året før. I fjor var det òg ei tilleggsundersøking, "Digital tilstand", for interesserte studentar. Den blei ikkje vidareført i år.
  • Proba samfunnsanalyse blei i 2017 tildelt et oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Ein del av oppdraget var å gjennomføre ein kartlegging av kva barrierar personar med nedsett funksjonsevne (inkludert lese- og skrivevanskar) møter på universitet og høgskular. Det var planlagt å gjennomføre ei spørjeundersøking blant studentar hausten 2017. NOKUT og Proba samfunnsanalyse vedtok å samarbeide om datainnhentinga. Undersøkinga er integrert i Studiebarometeret, i form av ein tilleggsdel. I spørjeskjemaet vil studentane få eit spørsmål om dei er viljuge til å få ei spørjeundersøking om dette temaet.
  • Senter for internasjonalisering av utdanning (SiU) og NOKUT har utvikla fleire spørsmål om internasjonalisering. Spørsmåla er nye og erstattar spørsmåla frå i fjor. Vi tek sikte på å gi innsikt i fleire tema; a) kva slags bakgrunn dei internasjonale studentane har, b) korleis studentar med erfaringar frå utveksling opplevde dette, c) korleis studentar med erfaringar frå andre utanlandsopphold opplevde dette, d) korleis studentane opplever moglegheitene for, informasjonen om og deira motivasjon for utveksling etc. Studentane blir "routa" til eitt (eller i nokon tilfelle to) av punkta a-d, basert på kva dei svarar på to inngangsspørsmål. I tillegg får alle studentane spørsmål om omfang av og synspunkt på ulike sider ved internasjonalisering. Nokon av svardataa er primært tenkt å være interessante på nasjonalt nivå, ambisjonen er ikkje å få data på programnivå. Dette pga. det forventa låge talet på respondentar på dei fleste programma. Aktiveringane (routinga) i Internasjonaliserings-batteria gjer at – kort fortalt – dei fleste respondentane berre vil få dei 8 spørsmåla om «Moglegheiter for utveksling» og dei (maksimalt) 11 spørsmåla om «Internasjonalisering i studieprogrammet du går på no». Personar som har vore på studentutveksling får fleire spørsmål, mens internasjonale studentar får færre.
  •  Innføring av valbare batteri. Kvar institusjon kan i 2017 velje ingen, eitt eller to av følgande batteri:

A) Omfang av tilbakemelding og rettleiing

B) Tilfredsheit med tilbakemelding og rettleiing

C) Bruk av undervisings- og arbeidsformer

D) Bidrag undervisings- og arbeidsformer

  • De to første batteria har berre vore med i 2015-versjonen av spørjeskjemaet. Dei to siste har vore med dei tre siste åra (i noverande form). For institusjonar som IKKJE vel nokon av desse fire batteria, vil skjemalengda bli redusert ift. i fjor. For dei som vel blant batteria vil skjemalengda bli omtrent lik

  • Batteriet Studie- og læringsmiljø er delt i to, men spørsmåla består (unntatt spørsmålet om «Studieadministrasjon og informasjon». Dette inngår no i ei anna form i Organisering av studieprogrammet.
  • Det er innført eit nytt batteri med fire spørsmål om Organisering av studieprogrammet.
  • Batteriet Eksamens- og vurderingsformer, er døypt om til Vurderingsformer og endra kraftig. Berre to av dei fem spørsmåla frå 2016 er behaldt, medan det er introdusert fire nye spørsmål.
  • Tidsbruk: Vi har endra innhaldet i parentesen bak "Eigenstudiar" frå "(inkl. frivillig studiearbeid med andre studentar)" til "(lese pensum, gjere oppgåver, delta i kollokvier og anna gruppearbeid, etc.)".

Endringar i 2016

Storparten av spørjeskjemaet blei ikkje endra i 2016. NOKUT gjorde likevel nokre endringar, bygde på eigne validitetsanalysar, innspel frå institusjonane og Studiebarometeret si referansegruppe. Nokre spørsmål gjekk ut, andre inn. I sum er skjemaet noko kortare enn i 2015.

Følgande, større endringar blei gjort:

  •     Vi hadde eit pilotprosjekt med Norgesuniversitetet, der vi inkluderte eit sett spørsmål om teknologi i utdanninga. I tillegg tilbydde vi respondentane å svare på fleire spørsmål frå Norgesuniversitetet sin "Digital tilstand" via ei eiga lenke (sjå under sett 16 med spørsmål i skjemaet).
  •     Vi inkluderte eit sett med spørsmål om internasjonalisering. Spørsmåla blei utvikla i dialog med SIU. Desse spørsmåla måler i stor grad omfang, ikkje opplevd kvalitet som dei fleste andre spørsmåla i skjemaet. Dei bør derfor ikkje samanliknast direkte med dei andre spørsmåla.
  •     Dei to store gruppene med spørsmål om "omfang av tilbakemelding og rettleiing" og "tilfredsheit med tilbakemelding og rettleiing" blei tekne ut. Settet "viktigast for mi overordna vurdering" blei også tatt ut.
  •     Spørsmåla om "studentane sine forventingar til studiet" frå 2015 blei endra til "(studentane si oppfatning av) forventingar frå dei fagleg tilsette".
  •     I batteriet yrkesrelevans blei det gjort nokre endringar, som gjer at indeksverdien jamt over er lågare enn åra før. Vi tok med spørsmålet "Har godt samarbeid med arbeidslivet". Vi slo saman dei to spørsmåla om kunnskap og ferdigheiter til "Gir kompetanse som er viktig i arbeidslivet". Vi meiner indeksen no er betre og dekker større område av yrkesrelevans.
  •     Indeksen som før heitte «Engasjement» heiter no «Inspirasjon». I berekninga av indeksverdien (i portalen) har vi no ikkje lenger med spørsmålet "Er sett saman av emne som heng godt saman". Vi har –  i berekninga – lagt til spørsmålet "Bidreg til min motivasjon for studieinnsats". Dette spørsmålet har vi alltid hatt med, og nye verdiar for indeksen er berekna for alle år.

Endringar i 2015

I spørjeskjemaet for 2015 blei følgande, større endringar gjennomførte:

  • Tre sett med spørsmål blei fjerna: «Bakgrunn for val av studieprogram», «Utvekslingsopphald i utlandet» og «Arbeidet sin relevans (om «...arbeidet ditt er relevant for utdanninga»)».
  • Fire sett med spørsmål blei inkluderte: «Omfang av tilbakemelding og rettleiing», «Tilfredsheit med tilbakemelding og rettleiing», «Forventingar» og «Viktigast for overordna vurdering av studieprogrammet».
  • Tidsbruk, tre spørsmål blei fjerna: «Studiar totalt», «Ubetalt arbeid i tilknyting til studiar» og «Anna ubetalt arbeid».
  • Studie- og læringsmiljø, to spørsmål blei lagde til: «Miljøet mellom studentane og dei fagleg tilsette» og «Studieadministrasjon og informasjon».
  • NOKUT har endra omgrepet «Faglærarane» til «Fagleg tilsette», og gjort tydelegare (i hjelpetekst) omgrepet: «Med fagleg tilsette meiner vi faglærarar, studentassistentar, laboratorieassistentar og andre fagleg tilsette som bidreg i undervisninga.»

Populasjonen

Deltaking i den nasjonale studentundersøkinga er frivillig for institusjonane og studentane. Målet vårt er at alle studieprogram på bachelor- og mastergradnivå med lengd på minst tre semester skal vere med, inkludert 4-, 5- og 6-årige profesjonsutdanningar som grunnskulelærar, 5-årige lektorprogram, sivilingeniørutdanning, medisin, veterinær med fleire.

Undersøkinga omfattar så og seie alle norske institusjonar som har bachelor- og/eller mastergradprogram. Nokre få små private institusjonar og dei militære høgskulane deltek ikkje.

Undersøkinga går årleg ut til 2. års bachelorstudentar, til 2. års masterstudentar og til 2. og 5. års studentar på mastergradutdanningar som er fem år eller lenger. Også studentar på 4-årige lærarutdanningar er med på undersøkinga. Studentar som er i permisjon er ikkje med.

Kvart år spør vi studentar som er inne i sitt 2. (5.) studieår på studieprogrammet, dette er altså ingen følgestudie.

Hausten 2016 var om lag 64 000 studentar fordelt på om lag 1 800 studieprogram med på undersøkinga.

Gjennomføring

Undersøkinga blir gjennomført kvart år i oktober – november. Resultata frå undersøkinga blir tilgjengeleg på studiebarometeret.no i byrjinga av februar kvart følgande år.

NOKUT hentar inn studentane sin kontaktinformasjon og data om kva studieprogram dei høyrer til frå institusjonane. Lenke til den enkelte student sitt eige spørjeskjema blir spreidd via e-post og SMS. I tillegg kan studentar logge på sitt skjema med hjelp av passord på lenker som blir spreidde på læringsplattformer som Fronter og It’s learning, og via sosiale medium som Facebook. Det går an å svare på undersøkinga på både datamaskin, nettbrett og smarttelefon.

Etter datainnhentinga blir svara bearbeida, kvalitetssikra og tilrettelagt for publisering.

Svarinngang

I 2016 svara om lag 29 000 studentar på spørjeskjemaet, 45 % av heile populasjonen. I 2015 nådde vi 47 %, i 2014 42 % og i 2013 32 %.

Denne svarfrekvensen betyr at Studiebarometeret kan vise resultat for 73 % av studieprogramma som var med i 2016. Blant desse er studieprogram med data som er slegne saman frå de to siste åra.

NOKUT sine grenseverdiar for å publisere data er fleire enn 9 som svarar og meir enn 19,5 % svar, eller at studieprogrammet har mellom 6 og 9 som svarar og meir enn 49,5 % svar. Det er dei store studieprogramma som i klart størst grad tilfredsstiller desse grenseverdiane. Med det er det også slik at godt over 90 % av alle studentar går på dei 73 % av studieprogramma som vi viser resultat for (i portalen). Det er nesten berre små program vi ikkje viser data for. I populasjonen har ein betydeleg del av studieprogramma 10 eller færre mottakarar, noko som gjer det vanskeleg å møte terskelverdiane.

For studieprogram med få som svarar siste år slår vi saman resultata frå det nest siste året. Ein del av desse vil då få mange nok svar samanlagd til å kunne visast i nettportalen.

Svarinngang på institusjonane

På institusjonsnivå varierer svarprosenten sterkt, i 2016 frå 23 % til 83 %. Dei fleste av dei største institusjonane ligg på rundt 40 %.

På Studiebarometeret.no kjem tal og svarprosent for kvart enkelt studieprogram fram. Jo høgare svarprosent svarar, jo meir representative er svara for studentar på det aktuelle studieprogrammet.

Å slå saman data

For å kunne vise resultat for fleire (studie)program i portalen, slår NOKUT saman data frå nest siste år i tilfelle der studieprogrammet har for få studentar som svarar siste år. Desse programma blir med det viste med svardata, dersom tala som er slegne saman tilfredsstiller grenseverdiane skildra over. Studieprogram med lågare svarinngang er framleis synlege og søkbare i Studiebarometeret, men blir ikkje vist med resultat frå undersøkinga. Dette gjeld nesten berre små program, som har 10 eller færre mottakarar.

Etter at vi har slått saman 2015- og 2016-data, blir det vist resultat for 73 % av dei om lag 1800 studieprogramma på studiebarometeret.no. I desse programma svara i snitt 23 studentar på undersøkinga. Gjennomsnittleg svarprosent i desse programma var 53 %.

Vidareutvikling

NOKUT arbeider heile tida med vidareutvikling og betring av gjennomføringa av den nasjonale studentundersøkinga og studiebarometeret.no.

Vi set pris på alle innspel til betringar! Spørsmål eller kommentarar om Studiebarometeret kan sendast til denne e-postadressa: Studiebarometeret@nokut.no