2018-tal for studentundersøkinga (høgare utdanning) vart publisert 12. februar

Om underviserundersøkinga

NOKUT ynskjer å styrke kunnskapsgrunnlaget om utdanningskvalitet ved å innhente informasjon om undervisarane sitt syn på utdanningskvalitet. Underviserundersøkinga er et supplement til studentundersøkinga Studiebarometeret.

NOKUTs Underviserundersøking vart i 2017 kombinert med NIFUs Tidsbruksundersøking blant vitskapleg tilsette i universitets- og høgskulesektoren. Dei to undersøkingane vender seg til den same populasjonen, og vert derfor gjennomført som et samarbeid mellom NOKUT og NIFU for å redusere talet på undersøkingar i sektoren og avgrense rapporteringsbyrden.

Formål

Målet med NOKUT si Underviserundersøking er å gje eit representativt bilete av dei vitskapleg tilsette sine vurderingar av kvalitet ved studieprogram i norsk høgare utdanning. Undervisarane sine oppfatningar og tilbakemeldingar er til hjelp for myndigheiter, institusjonar og fagmiljø i arbeidet med vidareutvikling av kvaliteten i norsk høgare utdanning.

Utval og spørjeskjemaet

Utvalet inkluderer alle vitskapleg tilsette, også tilsette i rekrutteringsstillingar som stipendiat og postdoktor. Desse vil få tilsendt ei personlig lenke til spørjeskjemaet per e-post.

Undersøkinga sitt tema er primært ulike sider av opplevd studiekvalitet, men vi spør òg om motivasjon og engasjement. Underviserundersøkinga fokuserer på emne- og studieprogramnivået, ikkje på institusjonsnivået. Alle vitskapleg tilsette får de same spørsmåla.

I 2016 ble undersøkinga gjennomført som pilotprosjekt, der eit mindre utval institusjonar og studieprogram deltok. I 2017 vart Underviserundersøkinga gjennomført som nasjonal undersøking for første gong. Spørjeskjemaet er revidert basert på erfaringar frå pilotundersøkinga i 2016; meir spesifikt gjennom eigne validitetsanalyser, tilbakemeldingar fra institusjonane, samt innspel frå Underviserundersøkinga si referansegruppe.

Spørjeskjema for 2017 finnast her:

Spørjeskjema 2017 - bokmål

Spørjeskjema 2017 - nynorsk

Spørjeskjema 2017 - engelsk

Eiga referansegruppe

Universitets- og høgskulerådet har nedsett ei referansegruppe for undersøkinga, som består av tre representantar for lærestadane. Desse er:

  • Førsteamanuensis Andreas Carlson, Universitetet i Oslo
  • Dekan Birte Simonsen, Universitetet i Agder
  • Høgskulelektor Henrik Sætra, Høgskulen i Østfold

I samband med NIFUs Tidsbruksundersøking vart referansegruppa utvida med ekspertise på bruk av FoU-statistikken:

  • Spesialrådgjevar Berit Hyllseth, Norges Forskingsråd

Studiebarometeret.no

Resultata frå Underviserundersøkinga vert publiserte under ein egen knagg i nettportalen Studiebarometeret.no. All informasjon vert handsama konfidensielt, og det vert ikkje offentleggjort data som gjer det mogleg å identifisere den som svarar. Av den grunn vert alle data presentert på utdanningstypenivå, altså ikkje på emne- eller programnivå.

Kontaktpersonar i NOKUT

Stein Erik Lid: Stein.Erik.Lid@nokut.no

Lars Fredrik Pedersen: Lars.Fredrik.Pedersen@nokut.no