2018-tal for studentundersøkinga (høgare utdanning) vart publisert 12. februar

Last ned datasett

Her kan du få tilgang til data frå dei to spørjeundersøkingane.

Data frå dei to undersøkingane, som dei vert presentert i portalen, kan ikkje koblast saman på grunn av dei ulike målenivåa. Undervisardata kan ikkje brytast ned på programnivå pga. få respondentar på kvart program og fordi det i mange tilfelle ikkje er eintydig ved kva for eit program ein tilsett er knytt til.

Datasett for Studentundersøkinga

Dataa finst for kvart enkelt studieprogram. Datasetta inneheld:

  • Dei same dataa som vert vist i nettportalen; primært gjennomsnittstal for kvart studieprogram
  • Primært data frå siste år
  • Svarskalaen går, med få unntak, frå 1–5, med 5 som beste score

For nokre program med få svarande siste år, visast tal slått saman med året før. Meir informasjon om dette lenger ned på sida. Klikk lenkja under for å lasta ned:

Programdata Studiebarometeret 2018

Programdata Studiebarometeret 2017

Programdata Studiebarometeret 2016

 

Dataa har studieprogram som observasjonseining. Berre siste års data er tilgjengeleg. Studieprogram med få svarande siste år har vorte slått saman med data for året før, dette indikerast med verdien "1" i variabelen appendert. Verdien "1" i variabelen terskel indikerer at det er mange nok svarande for eit program (etter eventuell samanslåing over 2 år) til at vi viser data i portalen og dermed i reknearket.

Studiebarometeret inneheld valbare spørsmålsbatteri, der institusjonane sjølve kunne velje nokre spørsmålsbatteri. Desse er inkludert i dataa, men det vert berre vist data for studieprogram ved dei institusjonane som har valt kvart enkelt batteri. Dette gjelder følgande batteri: "Omfang av tilbakemelding og rettleiing", "Tilfredsheit med tilbakemelding og rettleiing" (befrre i 2017), "Bruk av undervisnings- og arbeidsformer" og "Bidreg undervisnings- og arbeidsformer".

Det er mange spørsmål/spørsmålsbatteri om internasjonalisering i Studiebarometeret 2017 og om overgangen frå vidaregåande skule til høgre utdanning i 2018. Mange av desse spørsmåla er ikkje inkluderte i programdataa over. Det skuldast at mange av spørsmåla berre er stilt til et mindretall av studentane, og dermed er lite eigna for å vise resultat på studieprogramnivå.

Meir informasjon om variablane i datasettet:

Kodebok for Studiebarometeret 2018 - NYN

Kodebok for Studiebarometeret 2017 - NYN

Kodebok for Studiebarometeret 2016 - NYN

 

Datasett for Underviserundersøkinga

Underviserundersøkinga 2017

 

Viktig og nyttig informasjon

Bruk av Excel

Dataformat for eksport er det opne formatet "csv", som t.d. Excel tolkar. For tilpassing av kolonnebreidder kan følgjande gjerast: trykk CTRL + A to gonger, dobbeltklikk mellom t.d. kolonne A og B. Då vert breidda tilpassa på alle cellene..

Publisering av data

Den som nytter data pliktar å referera til produsent og distributør av dataa ved å skriva følgjande i forord eller fotnote i eventuelle publikasjonar:
”(Ein del av) dei data som er nytta her er henta frå Studiebarometeret (2016). Undersøkinga er finansiert av Kunnskapsdepartementet (KD). Data i anonymisert form er stilt til disposisjon av NOKUT gjennom NSD - Norsk senter for forskingsdata AS. Verken NOKUT, KD eller NSD er ansvarleg for analysen av dataa, eller dei tolkingane som er gjort her.”

Vi gjer oppmerksam på at det er systematiske skilnader mellom studieprogram i ulike fagområde, ei samanlikning bør difor helst verta gjort av like, eller relativt like, studieprogram.

Jo færre svarande eit studieprogram har, jo mindre robust er dataa.

Vidare vil vi understreka at opplevinga til studentane av utdanningskvalitet er éi kjelde til informasjon og bør difor ikkje sjåast på som den fulle sanninga. Andre perspektiv, til dømes synspunkta til lærarane og registerdata seier òg noko om utdanningskvalitet.