Last ned datasett

Datasett for Studiebarometeret for universitet og høgskular

Dataa finst for kvart enkelt studieprogram. Datasettet inneheld:

  • Dei same dataa som blir viste i nettportalen; primært gjennomsnittstal for kvart studieprogram
  • Siste års data

Studieprogram med få svarande siste år er slått saman med data frå året før. Desse programma har verdien 1 i variabelen aggregerte_data. Verdien 1 i variabelen terskel indikerer at det er mange nok svarande for eit program (òg etter eventuell samanslåing over to år) til at vi viser data i portalen. Program med få svarande (òg etter samanslåing) blir viste utan svardata.

Meir detaljert informasjon om undersøkinga og terskelverdiar for visning i portalen er tilgjengeleg under Om Studiebarometeret.

Klikk lenka under for å laste ned:
Studiebarometeret 2025 – programdata

Informasjon om variablane i datasettet finst i kodeboka:
Studiebarometeret 2025 – kodebok

Sitering av data

All bruk av data skal siterast.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. (2026). Studiebarometeret 2025, programdata (versjon 1) [datasett]. https://studiebarometeret.no/felles/fil/programfil_SB2025_portal_xlsx