Om underviserundersøkinga
NOKUT ynskjer å styrke kunnskapsgrunnlaget om utdanningskvalitet ved å innhente informasjon om undervisarane sitt syn på utdanningskvalitet. Underviserundersøkinga er et supplement til studentundersøkinga Studiebarometeret.
NOKUTs Underviserundersøking vart i 2017 og 2021 kombinert med NIFUs Tidsbruksundersøking blant vitskapleg tilsette i universitets- og høgskulesektoren. Dei to undersøkingane vender seg til den same populasjonen, og vert derfor gjennomført som et samarbeid mellom NOKUT og NIFU for å redusere talet på undersøkingar i sektoren og avgrense rapporteringsbyrden.
Formål
Målet med NOKUT si Underviserundersøking er å gje eit representativt bilete av dei vitskapleg tilsette sine vurderingar av kvalitet ved studieprogram i norsk høgare utdanning. Undervisarane sine oppfatningar og tilbakemeldingar er til hjelp for myndigheiter, institusjonar og fagmiljø i arbeidet med vidareutvikling av kvaliteten i norsk høgare utdanning.
Utval, spørjeskjemaet og resultata
Utvalet inkluderer alle vitskapleg tilsette, også tilsette i rekrutteringsstillingar som stipendiat og postdoktor. Desse vil få tilsendt ei personlig lenke til spørjeskjemaet per e-post.
Undersøkinga sitt tema er primært ulike sider av opplevd studiekvalitet, men vi spør òg om motivasjon og engasjement. Underviserundersøkinga fokuserer på emne- og studieprogramnivået, ikkje på institusjonsnivået. Alle vitskapleg tilsette får de same spørsmåla.
I 2016 ble undersøkinga gjennomført som pilotprosjekt, der eit mindre utval institusjonar og studieprogram deltok. I 2017 vart Underviserundersøkinga gjennomført som nasjonal undersøking for første gong. I 2021 var den gjennomført igjen.
Spørjeskjema, resultata og annan informasjon finnast her
Kontaktpersonar i NOKUT
Stein Erik Lid: Stein.Erik.Lid@nokut.no
Gerhard Yngve Amundsen: Gerhard.Y.Amundsen@nokut.no